Å vere ein nerd (secretlifeofanerd)
Hjem Add Om meg Kontakt

0

Å vere ein nerd

Det at noken kaller deg ein nerd er det ein fornærmelse?

Nei, det synes eg ikkje. Kvifor det? Kvifor  i alle dei norske granskogane er det ein fornærmelse?!

Dagens beskrivelse på ordet nerd er: 

intelligent, usosial person med einspora interesser

Men korfor skal ein nerd vere usosial?? Eg kjenner fleire såkalte "nerdar" som ikkje er usosial! Og er du nerd har du ikkje berre einspora interesser! Eg er ein nerd og eg har ikkje berre ein type interesser! Greit nok eg er ikkje veldig interessert i sport, men ka i heiane skal eg med sport? 

Som Bill Gates sa, Ver snill med nerdane, det er den største sannsynligheit at du kjem til og jobbe for ein.

Og sidan dei hersens drittungane som berre driver med sport og kjem til å verte ulykkelig feite sidan dei ikkje nådde til toppen i Liverpool eller dei fekk unge litt for tidlig med ein tufs som endte opp i fengsel uansett, skal jobbe for dei som bryr seg om noke bra og kan ting. 

Og det å vera intelligent har aldri vore ein dårleg ting vell? Det å få ein femmar og  seksar, kka er problemet med det? 

Og dei tufsane som plage deg for da om du er ein nerd, dei som trur at skule er bortkasta tid, tru meg, dei kjem til og ende opp bakpå søppelbilen eller i ein trailer. Og i beste tilfelle på ein  bensinsstasjon nere i syden som bilvindusvaskar. Tru meg, dei kjem ikkje langt i livet om dei ikkje  klarer seg på skulen eller om dei øydeleggjer, mobber og plager oss dei intelligente nerdane. 

Husk det, Einstein og Da Vinci var nerdar. Bill Gates var og er ein nerd. 

 

Og ein ting til, å verte kalla  ein nerd er ikkje ein fornærmelse, det er eit komplemang. 

 

-Nerden bak denne bloggen






  • Kommenter her
    Design og koding: Ina Anjuta