Dødstalismanene (secretlifeofanerd)
Hjem Add Om meg Kontakt

0

Dødstalismanene




Ååå, den siste HP boka.. At eg skulle nemne den.. 

I år er det sju år sidan den siste boka kom ut, det er ei god stund. Eg hugsar ikkje dagen den kom ut, sidan eg ikkje var veldig oppteken av Harry Potter på den tida. Men det er allikavel litt løye når eg tenke på det, det er sju år sidan. 

Det er nesten tre år sidan siste filmen kom ut. Det huskar eg. Eg hugsar at eg satt våken og såg på talane før premieren. Eg hugsar at eg grein. Er det så rart då? Eg hadde vorte så utruleg glad i Harry, Ronny og Hermine. Eg hadde blitt glad i J.K. Rowling. Eg hadde funne dei beste venene mine i bøker. Eg hadde jo sjølvsagt andre gode vener, men Harry, Ronny og Hermine vart mine beste venner på godt og vondt. Og dei er jo det fortsatt. 

Eg hugsar den dagen eg kjøpte dødstalismanane. Eg måtte lese første kapittel før eg hoppa til siste. Eg måtte vite korleis det gjekk! 

Dødstalismanane mine er kanskje litt slitt men eg er glad i den.

-nerden bak denne bloggen






  • Kommenter her
    Design og koding: Ina Anjuta